Om Vestlandspasienten

​​​​​​​​​Alle som er pasientar ved eitt av sjukehusa i Helse Vest kan no logge inn på helsenorge.no og få tilgang til ei rekke digitale helsetenester. Sidan pasientane på Vestlandet er først ute med å ta desse tenestene i bruk, har vi kalt prosjektet Vestlandspasienten.

Du kan logge inn direkte på helsenorge.no, eller via vestlandspasienten.no. Dette gjeld også pasientar ved dei private ideelle sjukehusa som er tilknytta Helse Vest. ​Her får du meir informasjon om dei ulike tenestene på helsenorge.no:

Bekreft at du kjem til timen og send melding

I tillegg til å sjå timen din kan du også bekrefte at du kjem til timen, og du kan sende ei melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ønskjer å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar. Er timen din ein røntgentime, kan du ikkje sende melding til sjukehuset (unntatt i Helse Førde). Då kan du​​ ta kontakt med sjukehuset på telefon.

Du kan ikkje sende melding om det er mindre enn to arbeidsdagar t​​il timen din. Då​ kan du kontakte sjukehuset på telefon.​

Fortsatt brev i posten, men òg i Personleg helsearkiv (PHA)

Du vil fortsatt motta brev i posten som før, men i tillegg kan du få ein digital utgåve av innkallingsbrevet i ditt personlege helsearkiv om du har samtykka til bruk av dette. Les alltid innkallingsbrevet før du skal på sjukehuset. Der kan det stå viktig informasjon om korleis du skal førebu deg til timen.

Sjå status på tilvisinga di

Lurer du på korleis det ligg an med tilvisinga di​? No kan du følje med sjølv. Når du loggar deg på og klikker på flisa «Timeavtaler» vil du få tre val: Du kan velje om du vil sjå timane dine eller tilvisingane dine og du kan sjå kontakthistorikken du har med sjukehuset. Vel du tilvisingar, kjem du inn på ei side ikkje ulik den for timeavtalar, men her får du opp tilvisinga di som er sendt frå, for eksempel, fastlegen din. Det står kven som sendte ho, når ho blei registrert på sjukehuset, og kva som er status.​

Når vurderinga er gjort vil du alltid få eit brev i posten med grunngjevinga og korleis du kan klage om du ikkje er einig i avgjersla. Når du får tildelt ein time vil den legge seg under "`Timeavtaler" på helsenorge.no. Du får også brev i posten med informasjon om timen.

Innsyn for pårørande

Har du barn under 12 år, kan du​ få innsyn i timane og tilvisingane​ deira, og du kan sende meldingar på vegne av dei. Dette gjeld også for personar over 18 år om dei har gitt fullmakt til at andre skal kunne gjere dette på vegne av dei. Du logger inn på helsenorge.no som beskrive over. Har du moglegheit til å sjå helseopplysningane til andre enn deg sjølv vil du aller først får spørsmål om kven du vil sjå helseopplysningane til. Klikk på rett person, og du blir tatt direkte til "Min helse".

Sjå dine journalnotat på nett

Er du pasient i Helse Vest eller Helse Nord, kan du sjå eigne journalnotat på nett. Det er førebels ikkje alle journalnotat som er tilgjengelege på nett. På helsenorge.no finn du meir informasjon om tenesta "Pasientjournal".