Om programmet Alle møter

Alle møter starta opp som eit prosjekt i 2013, og er no blitt eit program i Helse Vest. Målet er at ventetida blir kortare, planlegginga betre og at fleire møter til timane sine.

​Talet på konsultasjonar i sjukehusa stig kraftig år for år. God organisering av arbeidet er nødvendig for at sjukehusa skal kunne møte det auka behovet for tenester, utan at vi kan vente ei tilsvarande auking i ressursar.

Ei undersøking utført i 2012 viste at:
  • 430 000 planlagde timeavtalar måtte planleggast på nytt
  • det var ein teoretisk kapasitet på omkring 300 000 fleire polikliniske kontaktar
  • 82 000 pasientar ikkje møtte til planlagde timeavtalar på poliklinikk eller annan konsultasjon
  • 127 000 pasientar ønskte å endre tidspunktet for timeavtalane sine, ein stor del av desse timane klarte ikkje poliklinikken å gi til andre pasientar
  • 8 600 pasientar blei behandla med fristbrot
  • 47 250 pasientar sto på venteliste

Betre kommunikasjon og planlegging 

For å møte utfordringane i framtida og samtidig yte god service til pasientar og pårørande, skal sjukehusa på Vestlandet:

  1. Ha god kommunikasjon med pasientar og pårørande. Informasjonen skal vere god, enkel og forståeleg, enten han kjem via brev, SMS, telefon eller anna digital kommunikasjon.
  2. Betre organiseringa av poliklinikkane. Utnyttar vi tida godt, vil medarbeidarane våre få eit større handlingsrom og kan konsentrere seg om møta med pasientane
  3. Drive avansert oppgåveplanlegging. God planlegging betyr blant anna at pasientar får timeavtale den første gongen dei blir tilviste frå fastlegen sin og godt innanfor fristen fagfolka har sett for start av utgreiing eller behandling.
  4. Sikre at vi gjennom godt leiarskap og medarbeidarskap gjennomfører viktige oppgåver som legg grunnlaget for god tiltaksplanlegging og støttar det pasientretta arbeidet.