Send melding til sjukehuset!

​Aldri meir telefonkø. Kontakt sjukehuset når DU vil (Foto: Colourbox)

Du kan kommunisere elektronisk med alle dei offentlege og dei private ideelle sjukehusa i Helse Vest.

​​​​​​Du kan sende melding om du har spørsmål om timen din, ønkjer å endre time, eller ønskjer å avslutte behandlinga di. Du finn meldingsfunksjonen ved å logge inn via vestlandspasienten.no og velge den timen det gjeld under "Timeavtaler". Alle skal få svar innan to arbeidsdager. Du får eit varsel når det er kome svar til deg. Du kan sjølv velje om du vil ha varsel på sms eller e-post. Dette veljer du etter at du er logga inn under fana "Profil" og "Varselprofil".

 

​Personleg ​​​helsearkiv

For å kunne sende melding til sjukehuset må du først samtykke til Personleg helsearkiv​. Du får spørsmål om å samtykke til Personleg​ helsearkiv når du loggar deg på helsenorge.no, enten direkte eller via Vestlandspasienten.no, og når du oppretter ei melding på helsenorge.no.​ 

Send melding på veg​ne av andre

​Du kan sende melding på vegne av eigne barn under 12 år, eller på vegne av andre personar over 18 år om dei har gitt deg fullmakt til dette. For å gjere dette må du først logge deg inn på helsenorge.no, enten direkte eller via vestlandspasienten.no, og så velje den aktuelle personen i menyen heilt øvst på sida, før du så går inn på den aktuelle timen og skriv meldinga. Allereie sendte og mottatte meldingar finn du att under flisa "Meldingar".​

Eitt unntak

Det er foreløpig ikkje mogleg å sende melding om du har spørsmål om ein røntgentime, unntatt i Helse Førde. Der kan du sende melding uansett time.

Fortsatt brev i posten

Vestlandspasienten.no er eit supplement til dei allereie eksisterande kommunikasjonskanalane. Innkallingsbrevet i posten forsvinn ikkje.
 ​

Samarbeid med helsenorge.no

Vestlandspasienten.no er resultatet av eit godt samarbeid med Helsedirektoratet. På sikt er det meininga at dei funksjonane som no finst på Vestlandet skal bli tilbodne alle pasientar i heile landet gjennom helsenorge.no.​​
 

 
 
 
Sist oppdatert: 08.12.2015