Pasientjournal på nett

Banner. Min pasientjournal

Allereie i 1977 ble det vedtatt at pasientar skulle ha rett til å lese sin eigen pasientjournal, men fram til no har du måtta ta kontakt med sjukehuset for å be om å få pasientjournalen din utlevert i papir. No blir dette endra i Helse Vest ved at vi gjer delar av journalen tilgjengeleg på nett.

Er du over 16 år kan du logge deg inn med sikker innlogging via vestlandspasienten.no og få tilgang til å lese det meste av journalen din frå sjukehuset, heime i di eiga stue. Det er ikkje absolutt alle journaldokumenta som visast enno. Dette skuldast blant anna at ikkje alle dokumenta er i eit format som støttast av helsenorge.no, som er portalen du kjem til etter innlogging. Det er berre journaldokument frå det sentrale journalsystemet (DIPS) som visast. Det som ikkje visast er blant anna dokument frå føde og barsel, laboratoriesvar og prøvesvar.

 

Nekte innsyn

Behandlar kan sperre for digitalt innsyn i enkeltdokument eller, i svært spesielle tilfelle, i heile journalen, om han eller ho meiner det er fare for liv og helse for pasient eller næraste familie (jf. Pasient- og brukarrettslova § 5-1). Det er også mogleg for behandlar å utstetje innsyn på nett i ein tidavgrensa periode, av omsyn til forsvarleg pasientbehandling. Det kan for eksepmpel vere om behandlar ønskjer å snakke med pasienten før han eller ho kan lese om diagnosen sin i journalen.
Du kan også sjølv å sperre journalen din for digital visning på nett. Dette gjer du ved å endre profilen din på helsenorge.no. eller be behandlar gjere det.

 

Gi fullmakt til andre

Er du over 18 år kan du gi andre fullmakt til å lese journalen for deg. Det gjer du ved å logge deg inn på helsenorge.no eller vestlandspasienten.no. Der vel du profil og så fullmakt. Her kan du lese meir om korleis du gir andre fullmakt.


Tilgangslogg

Om du loggar inn på helsenorge.no og vel fana «Pasientjournal» vil du få valet mellom å gå til dokumentoversikta eller tilgangsloggen. I dokumentoversikta ligg alle dokumenta du har i din journal på nett. I tilgangsloggen ligg ei liste over alle som har opna journalen din. Viss den tilsette har opna nokre av dokumenta i journalen, vil dette visast under «handlinger» heilt til høyre i tilegangsloggen. Under «Bakgrunn for innsyn» står det grunngjeve kvifor det er gjort eit oppslag.

Det kan vere mange grunnar til at ein tilsett treng tilgang til journalar. I tilfelle kor det er IT-systemarbeid eller andre administrative oppgåver som er grunn for innsynet, vil ofte journalen vere opna utan at nokre av journaldokumenta er opna. Det vil likevel bli logga i Tilgangsloggen som eit oppslag.

Etter Personopplysningslova (§18)  kan pasientar krevje ei forklaring på kvifor det er gjort oppslag i journalen deira. Generelle spørsmål om tilgangslogg kan du ta på telefon, men har du spørsmål om eit spesifikt oppslag, må du fylle ut eit skjema og sende til sjukehuset.

 

Sist oppdatert: 24.05.2016