Løysing for fullmakt på vestlandspasienten.no

Har du gamle foreldre som synest internett er komplisert? Eller synest du sjølv det er eit mas å skulle logge deg på helsenorge.no eller vestlandspasienten.no for å sjå timane du har på sjukehuset, journalen din eller sende ei melding? No kan du velje å gi andre fullmakt til å ordne dette for deg.

​​Du kan velje å gi fullmakt til eit familiemedlem eller nokon andre. Vel du nokon andre må du oppgi fødselsnummer (11 siffer).All bruk av fullmakta vil bli logga i ein eigen logg, slik at du kan sjå når personen du har gitt fullmakt til, har brukt han.Slik gjer du : Logg inn på helsenorge.no, enten direkte eller via vestlandspasienten.no. Da vil du komme til sida som heiter «Min helse». Her vel du fana «Profil»: ​ ​​V​el så «Fullmakt» i menyen øverst, og klikk så på «Gi ny fullmakt»:  Du kan velje å gi fullmakt til eit familiemedlem eller ein annan innbyggjar ved å søke han eller ho opp på namn og personnummer:   Trykk på neste. Du kan så velje om du vil gi fullmakta for ein valt tidsperiode eller ubegrensa, og om fullmakta skal gjelde for alle tenester på helsenorge.no eller berre eit utval av tenestene:  Har du blitt tildelt ein fullmakt vil du finne denne personen i menyen «Du ser helseopplysningene til» heilt øvst på sida. Her finn du også liste over andre du kan sjå helseopplysningane til, som eigne barn under 12 år:   Klikkar du på namnet vil du ha tilgang til å sjå timane til vedkommande, status på tilvisingane og tilgjengelege journaldokument. Du kan bekrefte timen og sende melding til sjukehuset på vegne av vedkommande.  Den som har gitt fullmakt til andre kan når som helst trekke denne tilbake. Ein må da logge seg inn og gå til «profil» og så til «fullmakt». Så må ein finne den aktuelle fullmakta og trykke på «slett». Får du det ikkje til, kan du ringe 800Helse (800 43573) for hjelp.  
Sist oppdatert: 21.09.2015