Innsyn for barn mellom 12 og 16 år

Foto. ungdommer

Barn og unge mellom 12 og 16 år har tilgang til færre tenester på helsenorge.no enn andre, grunna deira juridiske rettar. Foreløpig er det berre Helsekontaktar som visast for barn og unge mellom 12 og 16 og deira foreldre.

For barn mellom 12 og 16 år, er det fortsatt foreldra som tek avgjersler på vegne av barnet, men når barnet blir 12 år får dei noko som vi kallar for «verjeinnsynsreservasjonrett». Det betyr at dei har rett til å halde informasjon skjult for mor, far eller andre føresette om det er gode grunnar for det. Foreløpig finst ikkje denne funksjonen på helsenorge.no, så difor kan ikkje foreldra sjå timane til barn over 12 år.  Dette gjeld altså sjølv om det står i innkallingsbrevet frå sjukehuset at du kan logge inn på vestlandspasienten.no og sjå timane dine. Direktoratet for e-helse jobbar med å finne ei løysing, slik at også timane til barn og unge mellom 12 og 16 år skal vere synlege.

Ta kontakt på telefon

Det er sjøvsagt​ fullt mogleg, for både foreldre, føresette, eller barna sjølve, å ta kontakt med helsetenesta på andre måtar enn gjennom vestlandspasienten.no.

Barn over 16 år

Når barnet fyller 16 år er dei helsemyndige, og dei kan sjølv få seg bank-ID eller anna godkjent innloggings-ID, slik at dei kan logge inn og sjå sine eigne timar.